Det er stille her i bloggen; og vi lever eit litt meir fredelig liv nå som vi har flytta frå byen og ut «på landet», eller «på bygda» som eg eigentleg likar best sjølv. Ungane slo rot første dagen på skulen og i barnehagen, utan spørsmål. Flyttinga har ikkje gitt oss noko problem, og det er mykje med livet her på «øyne» som er lettare.

Først: nokre stemningsbilde frå i dag.

kollage1

kollage2

Ein av dei tinga som er lettare her er at ein kan parkere ved huset og gå inn, ikkje drasse to sultne ungar og 4 fulle handleposar frå den store felles-parkeringa og opp til innerste blokk. Vi har også oppdaga at der ikkje er kø på legevakten her. Vi ramla inn i 8-tida ein fredags kveld med eldste jenta. Ho snudde i døra og lurte på kor alle dei andre pasientane var. Vi har langt kortare veg til nærbutikk nå; og den er open lenger enn den vi hadde i byen. Betre utval er det også. Bussen vi pendlar til byen med går rett nedi vegen og stoppar utanfor jobben min – kan det bli betre? Turen tar 40 minutt, og annakvar veke har eg heimekontor uansett. Ungane kan leike utanfor huset vi leiger i, utan at ein treng å sjå etter dei heile tida. Eg har aldri tenkt over det folk har sagt om at tempoet er lågare på bygda. Men det har eg no; og eg veit ikkje heilt om det stemmer. Tempoet er forsåvidt det same; ting går unna, ein får gjort like mykje (og meir) som ein gjorde før, men alt går så mykje smidigare.

I alle fall for oss.

Og så har dei nynorsk på skulen; berre det var verdt heile flyttinga.

Det siste nye om «prosessen» er at vi i dag har solgt leiligheten vår i byen. Hurra! Den gjekk for 50 000 over prisantydning, og 150 000 over takst. Veldig greit å få dette i boks, slik at vi veit meir kva vi har å rutte med. Det er ikkje mykje, men vi håpar at det skal bli hus likevel. Enn så lenge ventar vi på anbudstegningar, og spinker og sparer det vi kan slik at vi stiller gjeldsfrie før vi søker byggelån.

tomta

Advertisements