Flyttinga er offisielt over, alt dilldall har komme på plass, vi har fått stua bort alt som vi ikkje gidd å pakke opp medan vi ventar på nyhuset,. Mannen min har framleis ferie og har gjort ein stor innsats med organisering og prekevering av ting. Det er ufattelig kor stor plass ting tar når dei ikkje er organisert og har ein fast plass! Vi har alltid vore gode på «compact living» og IKEA har vore vår venn. Eg likar «compact living». Det gjer at det aldri er langt til den tingen du skal ha, men den er plassert på ein måte som gjer at den ikkje tar plass.

Så nå har vi begynt å bli husvarme i leiligheten vi nå leiger på plassen vi skal bygge. Her skal vi nok få det bra det neste året! Det var litt lite skapplass på badet, så vi tok oss ein runde på IKEA for å sjå om vi kunne finne ei løysing der vi slapp å bore i husverten sine fliser. Då fann eg skapa «Lillången» som var perfekt for oss; smale høgskap på føtter. I nyhuset vil eg helst sleppe føtter på baderomsinnredninga, men her som vi leiger er dette perfekt. Og enda betre: serien «Anordna» ; skuffer med små rom i var heilt suverene! Eg har aldri før hatt sånn orden i mine toalettsaker. Eg er ikkje spesielt opptatt av sminke og dilldall, men litt har eg nå da. Og nå når det er blitt så fint organisert så går alt så mykje raskare om morgonen. Jentungen på 5 år har fått nedste skuff til sine hårstrikkar, spenner, børstar og glitterneglekakkar. Først nå såg eg kor mykje ho hadde…. Om Lillång-serien er noko vi vil satse på i nyhuset er vel tvilsomt; eg trur at vi vil ha noko som heng på veggen slik at reinhaldet blir så lett som mulig. Antagelig blir det noko frå Kvik. Desse to høgskapa som vi nå kjøpte kan vi alltids få brukt til noko uansett; enten på vaskerommet/teknisk, på grovkjøkkenet, eller i ei bod.

lillangen-anordna

Og sidan denne posten dreier seg om IKEA… det kjem jo ny katalog om ikkje så lenge. Den er allereie kommen i USA, og her kan ein ta ein kikk på det som ventar! Masse fint her, blir spennande å sjå det i varehuset.

Eg kan jo nevne at eg er litt over normalen glad i IKEA ja. Eg trives både med den lyse skandinaviske stilen, den litt humoristiske vrien dei kan ha på ting, at mykje av sakene rett og slett er praktiske, og så er det prisen da…

Advertisements