Nabovarsel er unnagjort, og alle fire har signert for både mottatt og godkjent. Takker 🙂 Planane vart ikkje vesentleg endra i høve dei forrige skissene eg la ut. Einaste er at huset vart til slutt dytta opp, slik at det berre er 70 cm. lågare enn hovudvegen. Eg veit ikkje kva konsekvensar det vil gi for grunnarbeidet, men det burde bety at vi ikkje treng å sprenge så mykje som tenkt.

Her er forresten situasjonsskissa. Nokon som  har forslag til plan for hagen? 😀 Vi er heldige i og med at Eiendom Vest, som vi kjøpte tomta av, sponsar med fire timar hos landskapsarkitekt. Eg har sendt tegningane våre over til landskapsarkitekten og er spent på kva skisse ho vil komme opp med.

situasjonsplan_web

No sender arkitekten vår søknad om rammeløyve til kommunen, og så får vi sjå korleis det går. Eg reknar med det skal gå veldig greit. Når august kjem startar arkitekten opp med meir detaljtegningar og grunnlag for anbudsrunde. Eg er usikker på kor lang tid det vil ta, men ein eller annan gong i løpet av hausten er vi kanskje klar for å begynne? Hadde vore kjekt å komme i gang før jul, men mulig det er dumt å starte sånn om vinteren.

Ein annan ting er at vi veit vel ikkje heilt kva dette prosjektet vil koste oss, og blir det altfor dyrt får vi vel utsette det noko og spare litt over vinteren 😀

Elles pakkar vi nå litt i ny og ne. I frå i dag av har vi begge ferie, så nå blir det meir alvor i flyttinga. Det meste blir flytta i neste veke, og vi håpar at neste helg kjem til å sove i vår nye, leigde leilighet. Det ser vi fram til. Vi har hatt to varme helger på besøk i leiligheten, og det ga meirsmak! Feira m.a. fire-åringen vår der saman med familie. Det var deilig med ein veranda der det faktisk var plass å sitte!

Og eg oppdaga at nærbutikken var open til 22 om kvelden; slikt kan ein like!

Advertisements