Cara på byggebolig-forumet har tipsa meg om eit veldig flott golv frå Bygg24 : Eit plankegolv i ask, 15 mm tjukt og 185 mm breidt. I skrivande stund er faktisk nettsidene til Bygg24 nede, men eg har eit bilde av golvet henta frå nettsidene deira.

ask bygg24

Av svært gode årsaker så har vår arkitekt måtte jobbe for halv maskin dei siste vekene. Vi ventar på den siste snittegningen, men då skal også alt vere klart for nabovarsel og søknad. Det blir spennande! Vi hastar ikkje avgårde; mannen min jobbar døgnet rundt uansett, så for vår del er det greit at denne prosessen tar tid. Vi har så sjelden mulighet til å sette oss ned å diskutere teikningane, så derfor er dette så absolutt «husbygging in slow motion». Vi kan kanskje melde oss inn i slow-bevegelsen 😀

Elles driv vi flytting i helgene; dvs. det er mors prosjekt med to barn i baksetet. Det er bra Nintendo finst. No har eg fått frakta alle oppslagsverka våre, men der er framleis hyllemetrar med science fiction og kokebøker. Alt blir stua vekk på loftet i leiligheten vi skal leige. Det er litt merkelig at desse øskjene ikkje blir pakka opp før huset er ferdig. Sa eg forresten av vinøskjer frå Vinmonopolet er supre til å pakke i? Mykje betre enn bananøskjer. Vinøskjene har perfekt storleik for bøker; dei får passe tyngde, er lett å handtere og gode å stable. Bananøskjene brukar vi til dei uformelige greiene på kjøkkenet; steikepanner, fonduegryter og bærplukkarar. Så mykje rart ein har…

Nokon som har lært seg eit nytt ord i kveld? 😀

Advertisements