Neida, huset har vi ikkje begynt på enda, men vi har i alle fall greid å skaffe ein god plass å bu medan vi bygger, og driv og gjer klart for flytting. Første lasset med øskjer (ja, det går an å skrive øskjer), kjørde vi på søndag som var. Det var nå det første og beste vi fann i boden; ein heil kasse med Knorr sin fløtesaus (siste partiet dei produserte som er glutenfritt, eg kjøpte alt som var i butikken, og det er holdbart ut 2010 😀 ), vinterdekka til bilen og litt småtteri. Meir fekk vi ikkje inn i Touran’en, men det gjorde godt likevel. Vinterdekk tar stor plass! Eit nytt lass, 9 vinøskjer fulle av bøker, vart lempa av i dag.

For i dag var det førskuledag for eldste barnet vårt! Ho har gleda seg lenge, og endelig fekk ho kome inn i skulen som ho berre har sett frå utsida så langt. Ho er om mulig enda meir skuleklar no, så dette lovar godt. Ein fin skule, og vi gler oss til å flytte for godt om ein månads tid. Det viste seg at ein liten kamerat i klassen bur på same plass på øya som oss 🙂

Elles fekk vi kjøpt oss kort til ferga, eg fekk ein lynvisitt til den lokale butikken (3 minutts gange frå leiligheten vi leiger), og vi fekk ein liten naturopplevelse på fergekaien, for der er det svaler! Slikt har vi ikkje i byen!

Når det gjeld huset: arkitekten vår melder at det einaste som nå gjenstår før søknad om rammeløyve går til kommunen er snitteikningane. Eg håpar på at søknaden kan bli sendt om ei lita veke eller to (avhenging av om vi har merknader eller ei). Etter det er det berre å vente da…

Advertisements