Dette er jo gode nyheter for oss da, i den grad ein skal stole på statistikk! Vi vil nok heilt sikkert selge for meir enn vi kjøpte, men det hadde vore flott om vi kunne få sletta all gjeld før vi tar opp eit nytt og digert huslån. Nå betaler vi også på tomta og bilen.

Siste nytt er at vi har fått oss ein stad å bu i vår nye kommune. Vi skal leige ein leilighet på om lag 90 kvadrat i tida medan vi bygger. Vi vel å flytte allereie nå sidan eldste barnet vårt skal begynne på skulen. Det betyr at vi må vere i hus før skulestart! No når vi har fått nøkkel er det berre å starte flyttinga! Det meste vil nok bli gjort i juli, men vi startar i det små allereie til helga. Svært mykje vil bli pakka ned og stua bort; det er litt rart å tenke på at vi truleg ikkje kjem til å pakke det ut før huset står ferdig, kanskje om to år?

Advertisements