Jo, ting skjer, Teresa har bl.a laga fasadeteikningar og planteikningar i 1:100, klare til å søke rammeløyve. Vi skal ha to-trinns søknad . Det vil seie at det blir nabovarsel og søknad om rammeløyve først (løyvet varer i tre år), deretter anbudsrunde og ein prat med banken. Når vi har klart for oss kven som skal bygge for oss, søker vi igangsettingstillatelse. Kommunen seier at dette normalt går raskt å få, så vi får håpe det da! Når det gjeld bank reknar vi med å få Husbanklån, MEN dei gir ikkje byggelån, så då må vi uansett innom ein alternativ bank i starten.

Elles har eg begynt å fikle på eit litt meir konkret byggebudsjett enn vi har hatt til nå. Kva kostar ei trapp f.eks? Og kva kostar foldedører til ein vinterhage? Mykje fann eg ut; 100 000 (spiraltrapp) og 50 000 (5 meter foldedør). Det er vel prisar ein må venne seg til tippar eg…. Nå er det viktig at vi set oss ned med penn og papir og finn ut kva vi vil prioritere, og kva vi kan fire på krava på.

Fasadane? Her er dei 🙂

Mot sør er det ein ganske stor vinterhage. Det er denne eg tenker meg å ha foldedører i, slik at ein kan opne heilt opp. Vinterhagen vil ha solid tak, altså ikkje i glas. Er godt å ha litt skygge også, og han eg er gift med skyr sola om sommaren 😉 Om vinteren blir vinterhagen ein kjøligare sone trur eg. Vi vurderer å droppe oppvarming her; men har ikkje tenkt tanken heilt ferdig enda.

Fasade-sør

Her er fronten av huset, og sida som har utsikt over friområde, eit lite vatn og ein ås bakanfor. Treveggen til høgre er garagen, og glasa ved sida av er vinterhagen. Eg likar at vinduet i nordveggen, lengst til venstre «snakkar» med garagen på motsatt side. Store vindu i underetasjen; eg trur Teresa ser for seg at dei går nesten frå golv til tak. Litt spesielt sidan dette er soveromma, men det er ikkje innsyn inn frå denne sida.

Fasade-vest

Nordsida mot naboen (hei hei Ann-Christin og Roald :D) Vi lurer litt på om vi kan greie å dytte huset høgare for å gjere nedkjørselen til garagen mindre bratt. Den er ikkje for bratt altså, men er alltid godt å unngå for store høgdeforskjellar. Vi ligg under tillatte mønehøgde slik huset er teikna no.

Fasade-nord

Og siste, som er fronten mot vegen og inngangspartiet. Dei to små vindua står høgt på veggen og går over i taket. Det eine er på badet oppe, det andre er på grovkjøkkenet. Trur det blir fint. Ved sida av inngangsdøra er det to høge vindu. Eg vurderer å lage ein lysstunnell i golvet like innafor desse vindua for å føre dagslys ned til badet som ligg like under. Det er utan vindu. Noko av det beste med huset trur eg blir lysinnsleppet oppe i taket. Sidan vi har full mønehøgde i heile 2. etasje får vi glede av dette i heile dette arealet. Og ja, eg skal ha sjølvvaskande vindu der oppe… det finst ja!

Fasade-øst

Ellers? Vi har skaffa oss ein plass å bu på øya; vi flyttar i juni/juli og skal altså leige. Eldste jenta begynner på skule! Det blir spennande! Leiligheten vi nå bur i får vi prøve å selge til hausten.

Advertisements