Parkett eller heiltre? Kva er best på vannbåren varme? Er det egentlig behov for å slipe ned? Olja? Mattlakkert? Kvitmattlakkert? Kvitolja? Einstavs? Trestavs? Eller sågar firestavs? Eik, bjørk, ask, bambus? Det er ein heil vitenskap dette, og det forundrar meg ikkje i det heile tatt at mange velger «det vanlige», og er ikkje det trestavs eikeparkett da?

Vel, vi har funne ut at vi ønsker eit lyst golv, og eit som er rolig i mønsteret. Eg har aldri vore særlig glad i kvist og sterke årrings-mønster. Ask verkar å vere eit bra valg; det er bl.a ganske hardt og tåler litt. Det er lyst, og dersom det er kvitolja er det enda lysare. Eg må berre finne ut fordeler og ulemper med kvitolja og mattlakka og alt det der… For ein mest mulig rolig utsjånad trur eg vi går for einstavs. Og plutselig begynte vi å vurdere heiltregolv. Og da må vi finne ut om slike golv er for tjukke i forhold til at vi har golvvarme. Akk ja…

Den foreløbige favoritten er dette frå Gulvnett. Dei sel over nett, men held også til på Fjøsanger i Bergen, så det går an å stikke innom og ta ein kikk. Praktisk, og i alle fall til den prisen! Det blir vel opp i ein 150 000,- vi må ut med om vi vel dette golvet.

Er det ikkje vakkert?? Eg syns det er strålande vakkert. Det skal limast; må også finne ut om det går an på vannbåren varme i støyp.

Advertisements