Ingenting om hus i dag, men litt om lampeskjermar. Eg har funne desse i butikken NICE på Etsy, og eg klarar ikkje la ver å like dei. Egentlig høyrer dei vel heime i eit søtt og romantisk hus, men kjenner eg meg sjølv rett kunne eg kombinert desse med glade grafiske mønster i sterke fargar og kvite høg-glans skap. Det går vel an?

Og best av alt: her kan jo mormors små heklebrikker komme fram frå skapet! Eg kunne aldri få meg til å kaste slike brikker som det ligg så masse arbeid bak. Ei heller kunne eg ha brukt dei til det dei er meint for. Men dersom eg sydde dei saman til ein lampeskjerm derimot! Om eg har nok slike brikker veit eg ikkje, men ein kan kanskje finne fleire på loppis? Helst med litt knæsjne fargar på; det var fint!

lampeskjermar

Advertisements