I dag hadde arkitekten vår møte med Husbanken for å sjekke at huset følger dei krav og retningslinjer som Husbanken set for å få boliglån hos dei. Etter sigande hadde vi eit «sympatisk» hus, som følger alle dei prinsipp som er viktige for banken.  Dermed kan vi sjå fram til ei lånerente på ca. 4 – 4,5 med bindingstid på 10 år. Slikt kan ein like! Det rare er at vi har i grunn teikna det huset vi helst ville ha; det er ikkje slik at vi har streva med å innfri Husbanken sine krav. Vi ville ha lavenergi. Og vi ville kunne leve på eit plan. Mine foreldre gjer det nå, og eg ser at dette er av stor verdi.

Det som gjer at vi kan få lån hos Husbanken er:

  • Ein av etasjane er trinnfritt og har stove, kjøkken, bad og rom ved stova som kan brukast som soverom
  • Enkel tilkomst til tomta, ingen trapper frå garage til huset. Ingen bratt veg opp/ned
  • Dørbredder og passasjar var greie, og planløysingane var funksjonelle og gode.
  • Ekstra isolering i tak og golv
  • 3 lags supervindu
  • bryting av kuldebruer
  • balansert ventilasjon med gjenvinning
  • vannbåren varme og energibrønn
  • mange vindu mot sør og vest
  • kompakt og enkel bygningskropp

Det vi må sjå nærmare på er at vi i kvart rom (om eg har forstått det riktig) skal ha ein snusirkel på 1,5 meter i diameter. I tillegg må avstanden mellom kjøkkenbenkane aukast frå 1,3 meter til 1,5 . Badet må forast slik at det blir trinnfritt, samt trinnfri utgang til terrasse og hovedinngang. Så må det vere mulig å ha vaskemaskin i hovedetasjen (det har eg allereie tenkt på, vil sørge for sluk på grovkjøkkenet i tilfelle eg vil ha vaskemaskinen her).Ingen av desse justeringane er problematiske. Endeleg søknad til Husbanken sender vi når huset er detaljprosjektert. Behandlingstida skal vere 2-4 veker. Våre papir blir likevel sendt inn nå, slik at dei kan opprette ei sak på vårt hus.

Super! 😀 Med så låg rente skulle det ikkje bli problem å få lån på 3,5 til 4 mill. Kva huset vil koste veit vi ikkje enda. Vi skal ha ein anbudsrunde etter at søknad om rammeløyve er sendt kommunen, og ønsker ein totalentrepenør for heile greia. Vi satsar på at buda vil komme rundt desse summane, helst under! 220 kvadrat murhus for 4 millionar? Med nøktern standard inne? Det må da gå?

Advertisements