Det er godt å ha programvare til hjelp (Viseno), når ein skal teste ut ulike planløysingar. Eg tippar Teresa, arkitekten vår, vil ha gode forslag, men det er greit å prøve litt sjølv også. Nå styrer eg med den vanskelige kjellaretasjen. Er det viktig at ungane har like store rom? Kor viktig er det med walk in rett frå foreldresoverommet? Og kanskje min favoritt: kor viktig er det at ein kan sitte i fred på do, utan at han som står i dusjen ser refleksjonen av ein i spegelen?  Eg ønsker at to kan vere på badet samtidig, men likevel ha litt privatliv. Og så vil eg gjerne ha inngang direkte frå garderoben, men ikkje sånn at gjester som ser TV må leite seg fram for å finne toalettet (eller skal vi berre sende dei opp til gjestebadet oppe?)

Åh! Mykje å tenke på. Her er to av mine forslag, og eg har i grunn enda fleire også..

plan1

Her likar eg «enkelheten» i veggene. Dei går på tvers av heile planet, og gjer byggeprosessen litt enklare (og billigare?). Syns det er fint at ungane har like store rom, og at foreldra har fått det minste rommet. Vi treng absolutt ikkje stor plass; vil ha eit minst mulig soverom egentlig.

plan21Og dette er meir på mors premisser kanskje…. Stor walk in direkte frå soverommet, og deretter gjennomgang til bad. Minus: eit av barna får eit nokså lite soverom, og badet får to dører.

Usj.. vanskelig!

Over til noko anna: ramla over ei ganske morsom lampe, laga av ein gammal vaskemaskin! Eg trur ikkje det er aktuelt i vårt hus, men i rette settingen syns eg denne her var suveren! Litt humor i interiøret er berre bra! Lampen er designa av Christian Sæther og er å få tak i hos Pur Norsk. Der har eg også lånt bildene.

pn_blenda_hvit_hvit_lys_6001pn_blenda_turkis_hvit_6002

Advertisements