Bad er fortsatt vanskelig. Ei vennlig sjel på Byggebolig tipsa meg om at joda, sånne dusjløysingar som eg viste i forrige post, er mulig i Norge. Begrepet heiter «DUSJKAR«, og er noko eg korkje har høyrt om før eller sett i Norge.

Eg er meir enn glad og lykkelig; nå kan eg få dusjnisjen min, og eg greide å teikne ferdig eit utkast til badet nede i huset. Dette blir hovedbadet hos oss; dette er etasjen der soveromma våre er. I tillegg vil der vere eit mindre bad i etasjen over der vi har inngang, stove, kjøkken og gjesterom, og her har vi faktisk plass til badekar også! Badekaret vil jo ikkje vere i bruk på travle morgonar, så vi syns det er heilt fint å plassere det på eit bad som er mindre i bruk i kvardagen.

Dusjkar kostar ein del peng, men elles skal vi knipe inn litt på bada våre. Truleg blir det IKEA innredning; likar godt serien God Morgon (nynorsk til og med!). På veggene blir det høgst sannsynlig Fibo-Tresbo plater, kvite glossy, kanskje med nokre knæsjne fargar her og der. På golvet blir det vinyl, kanskje Forbo Aqualon grip ; likar godt industri-preget det gir:

Eller denne frå Artigo, som eg ikkje har funne ut om kan brukast på bad. Gidd ikkje legge ein vinyl som også treng membran…

Og her er det eg har tenkt så langt. OK da.. det dusjkaret blei rimelig stort! Det er kanskje litt unødvendig… Teikningane under er basert på Viseno og deretter flikka på i Photoshop.

plan-badbad-persp1bad-persp2

Advertisements