Bad er vanskelig! Vil ønsker eit bad med moderat størrelse, men likevel stort nok til at der er plass til vask/tørk, litt benkeplass, og at ein kan sitte på toalettet i fred sjølv om nokon dusjar. Det betyr at spegelen også må plasserast med omhu 😉 Når badet i tillegg er litt langt og smalt, så har vi ei klar utfordring.

I tillegg vil vi kabinett, både for å unngå å dusje på flisene, men også for sikkerheten sin del. Så kjem vi kanskje til den største utfordringa: dusjen skal sjå ut som ein dusjnisje, ikkje som eit kabinett.

Går det an da?

Killaq aka Snøstorm satte meg på ideen. Ho skaffa seg eit veldig fint dusjkabinett frå Inda, men butikken ho kjøpte det i er dessverre borte. Og eg finn ingen i Norge som sel dusjar frå Inda. Eg har derfor googla ein del og funne ut at i Europa elles har ein mange fine dusjløysingar som vi ikkje har tatt i bruk i Norge. Ikkje som eg veit i alle fall. Det dreier seg om dusjdører og «trey», altså eit brett. Brettet som ein står på har sluk, og er lagt inn i ei nisje. Og framfor der har ein sjølvsagt døra. Veggene er altså vanlige vegger. Dermed får ein ein mellomting mellom kabinett og dusj på fliser. Perfekt spør du meg! Prøver nå å finne meir ut om dette her; om ein kan få det sendt til Norge, om det er sikkert nok, og om ein kan få ein rørlegger til å montere. Tar gjerne imot råd og tips!

Sjå så vakkert! Alle bilde er henta frå Rubberduckbathrooms

dusj1dusj3dusj4

Advertisements