Nå har det gått mange månader, og vi tuslar avgårde med byggeprosjektet vårt. Ein liten finanskrise sidan sist faktisk! Den har hatt lite å seie for vår del. I grunn har vi vel aldri hatt det så bra som nå; trygge jobbar begge to, renta på veg nedover og same gjeld kanskje byggeprisane?

Vi har altså ikkje dårlig tid, og vi har tatt oss god tid til å flikke på planløysinga. I haust har vi hatt to møter med Teresa, og nå verkar det meste å falle på plass. Enn så lenge har vi ei utfordring når det gjeld bad/garderobe/bod nede. Eg flytter og vender på det; flytter dører, dyttar på vegger, og blir ikkje heilt enig med meg sjølv. Nokon som har gode forslag? 😀 (plantegning nederst).

Her er bilete frå forrige helg! Eg tok ein tur med ungane, medan mannen tømde boden for babyleker og babyutstyr. Det er har vi nå gitt bort!

Husa poppar opp i bakgrunnen! Snuppa står på vår tomt, vil tru det ca. her veggen i front vil havne.

Snuppeluppe på tomt

Og nå har «nokon» tetta igjen krateret der som leikeplassen skal vere. Vår tomt er nedanfor den vakre, sølvgrå Touran’en.

januar09-2

Og så var det planteikningane!

Hovedetasje:

Plan, hovedetasje Nærbilde av planløysinga:

plan-hetasje-det-jan09Underetasjen:

plan-uetasje-jan09

Nærare om planløysinga:

plan-uetasje-det-jan09Og så: er det nokon som har den ultimate løysinga nede for Bod-Garderobe-Bad/Vask og Tekn? Veggene må helst vere som dei er, med unntak av veggen med skyvedør kanskje. Eg ser gjerne for meg noko praktisk i forhold til at garderoben ligg i tilknytting til bad (men MÅ ikkje). Og eg syns det er så masse dører her. Vi treng ikkje plass til badekar; det kjem oppe, men eg skulle gjerne hatt WC litt avskjerma, slik at ein kan bruke dette medan andre dusjar.

Advertisements