Då har eg vore i nytt møte med Teresa for å drøfte kva endringar vi treng å gjere på teikningane. Vi er einige om at huset må brekkast i to, slik at terresse og uteplass kjem bort frå tomtegrensa. Ein mulighet er å droppe galleri og TV-stova på hemsen og legge dette i kjellaren, saman med foreldresoverom, barneromma (2) og eit bad. Det som blir igjen oppe er då kjøken, stove, gjesterom, bad og grovkjøkken. Eit anna alternativ som vi vil  sjå nærare på er at vi gjer endringane som skissert over, men lar TV-stova ligge som ein halv etasje ned frå stova, og i trappeløpet. Dvs. at for å komme til soveromma går ein ned gjennom TV-stova. Mannen min er litt skeptisk, men eg syns dette høyres veldig fint ut! 😀 Det er fint med ein god opning opp mot hovedetasjen, slik at ein framleis har kontakt med hoved-delen av huset sjølv om ein ser på TV. I tillegg er det fint å ha ein god kontakt mellom TV-stove og soveromma ein halv etasje ned. Både når ungane har sovna for kvelden, men også i helgene når ungane står opp grytidlig og ser TV 😉 Det vi kanskje mister er ein litt eigen plass for ungane når dei er i tenåra.

Ved å droppe heile øvre etasjen slik den er på teikninga nå, vil vi kunne ha møne i både stove og kjøken, om vi vil. Litt usikker på om vi går for dette.

Elles har eg i dag vore på tomta, utrusta med spade, jordbor og bøtter og spader til ungane. Dei blei veldig skitne! Eg fekk raskt sjekka kor langt ned til grunnfjellet det er. Grunnfjellet verkar å komme ganske fort! Ergo må vi nok sprenge mykje, sidan vi no satsar på ein kjellaretasje. Her må vi med andre ord sette av ein del pengar…
Dei andre i byggefeltet er i full gang med husa sine! Mange har fått tett tak allereie, og reknar med å flytte inn til jul. Det går unna!
Advertisements