To ting:

  1. Grunnflaten trur vi er for stor. Bygningskroppen, terrasse inkludert, strekker seg over heile tomta, og vi ender opp med å sitte på terrassen heilt i tomtegrensa. Vi trur at vi heller vil ha litt grønt ved sida av oss. I tillegg har vi fått høyre at stor grunnflate gir høgare kvadratmeterpris, noko vi sjølvsagt ikkje har lyst på 🙂
  2. Skissa viser eit hus som er større enn vi hadde tenkt. Vi må ned i areal, i hovedsak må vi ned i stovearal. Dette får vi lettast til ved å gjere noko med 2. etasje.
  3. Eit langstrakt hus med lang innkjørsel til garage (heile fronten av huset) gir meir snømåking (noko vi sjølvsagt kan sjå på som gratis trim)

Så nå driv mor å klipper opp Teresa sine skisser (i photoshop vel og merke) og «om-møblerer». Det egentlige kabalen skal arkitekten få legge sjølv, men vi ser litt på muligheter. Det hadde vore fint å få lagt soveromma opp i 2. etasje, men vil unngå å få eit hus som blir som eit tårn der ute på kanten. Vi kan sjølvsagt legge bygningen lenger ned på tomta, men får då utfordringar i forhold til vegen ned. Vi vil helst holde huset heilt i austre del av byggegrensa.

Så har vi fått første rekning frå arkitekten, som avtalt 😀 Flinke oss har satt av penger på forhånd, så her er det berre å betale! Vel anvendte penger syns vi! Teresa er kjempeflink!

Advertisements