I kveld har vi hatt møte med Teresa! Ungane var våkne og faktisk veldig snille; blei bestukke med chips, sjokoladekjeks og film på TV 🙂 Vi fekk sitte ganske uforstyrra og diskutere oss gjennom dei første skissene som Teresa har laga.

Og desse små kladdane ho har laga med ulike fasadar syns vi er flotte!

Fasaden i nord (mot nærmaste nabo)

Fasaden mot vegen, inngangsparti:

Fasaden mot nord igjen, men med innslag av tre:

Det første som slo oss var at løysinga hennar på kjøkken, vaskerom, lager for kjøkken og stove er svært i tråd med slik vi hadde sett for oss. Det var derimot ei overrasking at alle soveromma kom på grunnplan! 😀 Nå ser vi jo at det faktisk er plass til dette på tomta, og det er ein stor fordel å ha alt på eit plan. Vi likar godt at huset er trekt opp mot vegen, slik at mest mulig areal av tomta ligg i forkant, samt at huset deler tomta i to og legg seg som eit smalt og langt bygg på tvers av skråninga. Veldig flott med ei ganske stor stove med åpning ned mot stova under. Eit slikt rom kunne bli brukt til TV-stove. Når alt dette er sagt; grunnflaten og heile bygget er større enn vi hadde tenkt. Dette er ei utfordring i forhold til kostnader.

Her er 2. etasje. Soverommet vil bli gjesterom.

I tillegg skal der vere ein kjellar med teknisk rom og bod. Vindeltrappa skal altså fortsette ned frå grunnplan.

Eit såpass stort bygg med stor grunnflate gir dyrare kvadratmeterpris enn det vi kan få med mindre grunnflate. Vinterhagen får kanskje fyken, og vi set inn store vindu og skyvedør i glas i staden, ut mot ein terrasse. Her kan vi knipe inn nokre kvadratmeter, men er usikker på om vi egentlig sparar så mykje. Ein vinterhage hadde jo vore kjempefint nettopp her! Vi må også vurdere å legge soveromsfløyen ned ein etasje, men då må vi vel til å sprenge litt meir. Kanskje vi skal droppe øvre etasjen og ha TV-stove nede i staden?

Gangen vidare nå er at eg sender skissene til eit murerfirma eg har vore i kontakt med, og som er villige til å gi ein peikepinn kva dei vil ta seg betalt for eit slikt oppdrag (nøkkelferdig). Prosjektet skal sjølvsagt på ein anbudsrunde seinare. Teresa snakkar med Husbanken om prosjektet kan godkjennast som eit lavenergibygg. Dersom ja, får vi høyre med dei om dei er villige til å gi oss det lånet vi treng for å kunne bygge herligheten.. Og så blir det nok nye møte med Teresa der vi diskuterer ulike planløysingar og fasadar 🙂

Så langt syns vi dette ser veldig bra ut! 😀

Advertisements