Strålande sol i Bergen i dag!

Vi skal ha møte med arkitekt Teresa på tirsdag! Ho sende over nokre bilde ho tok på tomta forrige veke. Må nesten vise dei, for her er det endelig sol, og sidan ho ikkje har to små å drasle på, har ho komme seg ned på sjølve tomta og tatt bilder der. Det viser vel betre den utsikta vi kjem til å få.

Dette var jo reint vakkert, men den flotte skulpturen til høgre 😀

Syns det er fint at vi får ein steingard å sjå på! (bildet under)

Og nordover, mot vår NABO!

Og naboen er ein eigen historie. Inne på Byggebolig opna eg tilfeldigvis ein tråd der nokon hadde lagt ut husteikningane sine og ba om innspel på desse. Ho skreiv at dei skulle bygge i bergens-området Det såg ut til å vere eit fint hus, og eg spurte kvar ho skulle bygge. Så svarte ho at ho skulle bygge på Loftås, nord for Bergen! Eg sende då melding til henne om at vi nok blei naboar, og lurte på kva tomt dei hadde. Så viste det seg at dei blir nærmaste nabo! Hei Ann-Christin! 😀 Eg hadde ikkje forventa å møte naboen på denne måten!

Dei er også tidleg i prosjektet, så vi vil nok følge kvarandre i prosessen.

Elles har eg prøvd å finne ut kva peis / ovn vi vil ha. Dersom peisen er av litt spesiell type vil eg gjerne vite om dette nå før Teresa byrjar å teikne for alvor. Då kan ho ta omsyn til storleik og utforming. Til no har eg funne desse som eg likar:

Frå Peisselskapet

Eller denne frå Nordpeis

Tingen er at eg ønsker meg ein peis som er ser gjennom. Den kan då vere synlig frå fleire rom, i vårt tilfelle kjøkken og stove. Held ein knapp på Peisselskapet sin; den er nesten som ei gammaldags grue, men med vindu og pipe 😀

Advertisements