I dag reiste eg og ungane ut for å sjå på tomta og kor langt våre kommane naboar var komne i sine prosjekt.

Og på Loftås er det nå komne fleire byggverk! To av husa, på tomt 8 og 12 har fått opp reisverk til tak, og på nr. 10 og 9 er ringmur / grunnmur påbegynt. Eg helsa på dei i nr. 8 som var i full gang med huset sitt. Dei kunne fortelle at grunnen var fin; dei hadde berre trengt å planere litt før dei fekk ein fin grunn å sette huset på. Grunnfjellet ligg jo like under, så om ein vil ha kjellar (som dei ikkje har), må ein sprenge. Kanskje vi kan prøve å få til ein kjellar i skråninga, under halve huset? Det er fint å sleppe å sprenge så mykje. Elles kunne naboane våre fortelle at tomt 7 enno ikkje var solgt.

Eg tok mange bilde, men sleit litt med å finne sikkert ut kvar tomtegrensa vår var!

Bildet under er tatt frå tomt 8, og det som er markert rødt er vår tomt.

Her er vegen frå tomt 8 og 12. Vår tomt ligg på nedsida av der vegen svingar.

Her er vegen som skal gå gjennom friområdet og ned mot Valestrandsfossen.

Og her, i høgre halvdel av bildet, skal vi bu! Mellom oss og huset på bildet er det ein leikeplass og ei tomt til.

Meir frå vegen sørover frå vår tomt

Oversida av vegen. Naboen vis a vis oss, på oversida av vegen, har ferdig ringmur

Her er eg hos naboen og tar bilde ned mot vår tomt.

Til slutt kjørte vi ned til hovudvegen og tok bildet opp mot feltet. Det som er markert rødt er (trur eg) vår tomt!

Når det gjeld vår progresjon ventar vi på skissene frå Teresa! Ho har nok eit utkast ferdig no snart; det skal bli spennande å sjå!

Advertisements