Ja, då var bloggen oppretta!!

Denne bloggen har eg tenkt å bruke som ei slags «dagbok» over husprosjektet vårt.

Tomta vart kjøpt hausten 2007. Vi fann ho via finn.no. Ei tomt på nesten 1 mål på Osterøy utanfor Bergen. Det viktigaste for oss var at den var rimelig, at området var regulert, og at dei som selde tomta ikkje var interessert i å selge oss hus også. Vi vil nemmelig ha eit murhus; sjeldan vare i Norge.

Her er bilde frå tomta, tatt i vinter!

Som de ser: familien består av fotografen meg, islendingen, og to små 🙂

I vegkanten ned mot tomta. Utsikta her er mot vest.

Utsikta mot nord-nordvest

Her skulle det vel vere mogeleg å bu?

Vi har fått arkitekt Teresa til å teikne for oss. I februar hadde vi eit møte med henne her heime i eiga stove, der vi kom med alle våre ønsker. Det skal bli eit murhus, truleg i Leca, med pultak og lysinnslepp oppe, ca. 180 kvadrat fordelt på 3 (? kanskje) etasjar (ikkje full kjellar trur vi). Store vindauge mot vest og sør. Therese lagar no skisser som utgangspunkt for vidare diskusjonar. Det blir spennande å sjå kva ho har tenkt for oss!