Archives for category: Uncategorized

Eg vinn nok ikkje prisen for ivrigaste bloggar i år, men eg får trøste meg med at eg i alle fall jobbar det eg skal, er mor slik eg skal, og er prosjektleiar for huset dei timane det tek. Nesten. For det å bygge hus, rettare sagt, å ha andre til å bygge hus for ein, er noko som krev sine timar. Her føl uansett nokre bilde og ei rask oppdatering.

Denne veka har muraren starta med puss inne. Det er neste som kunstverk syns eg, og eg blir beint fram glad av den fine strukturen vi får på veggane som er yttervegger. Kombinert av alt lyset i hovedetasjen så ser vi allereie at her er det kvalitetar som vi kjem til å like. Sjølv utan møblar og fargar av noko slag så er det slik nå at vi helst ikkje vil heim dit vi eigentleg bur for tida.

Vi vil heller vere i det uferdige, umøblerte huset med alt lyset. Og så er det masse sol her. Og god varme. Og det luktar godt av tømmer.

Men her er ikkje buande heilt enda. Innflytting vil bli i slutten av juni. Det som gjenstår er litt meir puss inne og puss ute. Tak og vegger skal malast. Golv summast. Dører skal i, og terrasse leggast. Bada står utan gips enn så lenge. Der skal komme boksar til dei innvendige armatura, og vi må ha inn innreiing. Litt gjenstår altså.

Men lyset har vi!

Bildet under viser kjøkenet. Høgskapa kjem i nisjen der det står ei skuffe – etter planen skal vi få dei lakkert grøne. Nedforinga for ventilatoren heng frå taket og ned. Var veldig i tvil korleis den skulle bli, men eg syns den fungerer bra!

Igjen – kjøkenet, her mot “yttervegg” som vender mot vinterhagen. Veggen er enda ikkje heilt tørr.

Og her i rommet innafor, som er ein bi-inngang og grovkjøken. Og ekstra vaskerom. Fine lyset!

To gamle stolar står berre å ventar på at ting skal bli ferdig, slik at vi kan flytte inn og nyte utsikta… Dei blir nok bytta ut med noko litt meir komfortabelt.

Igjen frå kjøkenet.

Vinterhagen har fått “øyenbryna” på. Det gjorde at denne siste “klossen” begynte å snakke meir saman med utspringet i front av huset (ikkje på bildet). Huset blei samanhengande. No gjenstår berre rekkverk på terrasse, og murpuss, så er utsida ferdig. Inne i vinterhagen står parketten stabla. Den kom i frå England i forrige veke.

No er vi på badet i underetasjen. Som sagt er veggane framleis opne. Det skal lagast boksar i veggen for armaturet. På ein stender har eg hengt ein lapp med skisse over korleis denne veggen skal bli med møblering. Ikkje alltid like lett å forklare til murar, elektriker og rørleggar kva som skal kor… Da er det like greit å lage ei arbeidstegning og få den på veggen. Vi har også tusja på golv og vegger for å vise møblering. Det er satt inn to vindu i veggen. Under kjem det to lampar, deretter spegel, to armatur to stikkontaktar og to vaskar.

Inn døra til vaskerommet / teknisk. Her kjem det vaskemaskin og tørketrommel med benkeplate oppå. Eg håpar berre kassen er høg nok til at vi kanskje kan få bygd kvitevarene litt opp. Kvitevarene er komne forresten – bestilt frå Danmark og stua inn i boder og skap her vi leiger. Platetoppen ligg under dobbeltsenga.

Resten av teknisk er ein imponerande spaghetti.

Og til sist frå tv-stova nede. Enn så lenge er mest heile trappeholet dekt av plater, men når dei er borte vil det komme lys ned her frå overlysvindua oppe. Eg trur vi vil sette pris på å få litt morgonlys ned hit!

Arbeidet går jevnt og trutt framover, og ingen problem har vore større enn at dei kunne løysast. No prøver vi så godt vi kan å halde tak i økonomien slik at vi ikkje får altfor mange tillegg på tampen. Tillegg blir det, men vi prøver å manøvrere oss bort frå det som gjer altfor vondt!

Som vanleg ikkje tid til å blogge – men arbeidet der oppe går jamt framover. Her er ein del bilde frå i går. Snart er all gips komme på plass- Hovedetasjen er så godt som ferdig. Veldig kjekt å sjå korleis lyset fell inn i huset – og gler meg til å få maling på veggane :)

Bildet under er tatt frå enden av gangen mellom bad og gjesterom oppe  og inn mot stove og kjøkken. Døra i enden av gangen er ut til vinterhagen.

Her er meir av kjøkenet. På veggen midt imot kjem kjøkkenhalvøya ut.

Her er frå inngangen. I kvar kortende av rommet blir det garderobeskap

Her er frå badet oppe. Vi ventar litt på avklaringar, pris etc, når det gjeld innebygd armatur og diverse. Kassen til venstre i bildet skal ha innebyggingsarmatur for vask og badekar (i hjørnet), og bli kledd med mosaikkflis. Over kassen blir det ein stor spegel frå vegg til vegg, med lampepunkt i spegelen. Resten av badet har vi faktisk kjøpt flis til allereie – heilt ordinære kvite, blanke fliser som er 30×60, til 45,- per kvm. Om lag same pris har vi gitt på heilt standard grå golvfliser i 30×30. Ingen skal påstå at flisene er påkosta i dette huset….

Grovinngang oppe. Vi lurte på om dette rommet ville bli mørkt, smalt og trangt, men vi er fornøgd med plassen mellom inngangsdør og kjøkkendør, og at takvinduet gir lys til heile rommet. Kjennes ikkje trangt ut i det heile tatt! Løysinga på vindu er den same her som førre bilde (badet).

Her frå kjøkkenet. Døra midt i bildet er til grovinngangen. Døra vi skimtar ved sida av er til hovedinngangen. Nisjen i venstre bildekant er for fire høgskap. I dag bygger dei ein kasse som skal ligger over skapa, og gå opp til nedre kant av veggen under overlysvindua. Røyret som heng ned i høgre bildekant el for ventilator som skal henge ned her over kjøkkenhalvøya. Det må byggast ein kasse for ventilatoren ned frå taket. I nisjen til høgre kjem benkeskap og overskap.

Same som over, men i annan vinkel. Mot veggen kjem det 6 benkeskap  med kjøkkenvask, oppvaskmaskin og kjeldesortering. Over benken, heilt vanlige overskap.

Underetasje. Dette er TV-stova. Det runde trappeholet blir fint! TV kjem på veggen midt i bildet, sofa vis a vis.

Håpar dette skal vere nok punkt for TV og alskens dippeduttar

Foreldresoverommet er blitt isolert, og har nok blitt gipsa i løpet av i dag.

Her er frå badet nede. Det fine lyset inn frå tv-stova og det store vinduet var for smertefullt å gje slepp på – særleg sidan rommet manglar dagslys. Så vi har bedt om å få inn to 25 cm. høge vindu heilt oppe mot nedforinga av taket. Det blir så høgt oppe på veggen at det ikkje er noko innsyn. Vi droppar dette i dusjsonen innerst i rommet (mot murveggen), men legg dei inn over vaskane. Også dette badet skal ha innebygd armatur. Baderomsinnreiing har blitt bestilt hos Kvik – dei hadde fine, firkanta heildekkande vaskar utan hol for kran. Flisene her nede blir dei same som flisene på bad oppe. Enkelt og greit.

Det har sin eigen estetikk dette også. Teknisk rom. Rørleggar fått på plass alt av sine røyr. Ventilasjon er lagt, og det er bora to digre hol i muren for luft inn og ut. I hjørnet skal dei etter kvart få løfta på plass eit monster av ventilasjonsaggregat (som ga meg hakeslepp). Ved sida av skal elektrikar få lov å få litt plass til  sine ting. At teknisk rom krev litt areal er ikkje tull. Berre rørleggergreiene har lagt beslag på ein heil  vegg aleine!

Ut ein tur. Det er støypt ein kant under vindua nede. Så skal vi få lagt elvestein langs med husveggen, deretter betongheller og plen.

Vi har bombesikkert fundament for terrassen. Eg trur folk mistenkte oss for å bygge helikopterplattform. Oppå her kjem det altså terrasse i komposittmateriale.

Og sånn ser det ut no.

 

Det krev litt å sjå ting for seg. Særleg når byggeplassen er dominert av blokker og stillas, grus og våt sand. Det hjelper med litt photoshopping!

Taket, som skal på om 14 dagar, blir spennande. Det er ein viktig del av huset sitt uttrykk mot vegen, og eg gler meg veldig til overlyset som vindua oppe vil gi i hovedetasjen. Her vil sola komme inn om morgonen.

Og litt frå kjøkenet. Gjennom den store opninga til høgre vil det vere utgang til vinterhagen. Bak veggen som er antyda med gult er grovkjøkenet. Det skal vere ei dør mellom grovkjøken og kjøken som ikkje er markert her. Grovkjøkenet vil absolutt vere eit smalt rom, men eg trur det blir funksjonelt likevel. Her kjem eit ekstra kjøleskap, utslagsvask, opplegg for vaskemaskin, og vil elles vere eit grovare rom til alskens greier. Rommet har også ytterdør. Kjøkkenøya i Picasso-stil, som ikkje er ei øy all den tid å ho står inn til ein vegg, er markert. Her skal kokesonen vere, og ventilatoren skapar hodebry som vi enno ikkje har løyst. Vi håpar det kan bli bra, sjøl om det er høgt opp. På andre sida av øya, mot bakveggen blir det også benkeskap. Her blir det også overskap. Ei rekke med fire høgskap er ikkje synleg – dei vil kome ut i rommet og delvis sperre for innsynet som dette utsnittet viser. Døra mellom benkeskapa går ut til vinterhagen, og vidare ut til terassen. Vindu i taket blir ikkje heilt slik – det blir fleire av dei. Var berre meg som ikkje tok meg tida å dele opp i fleire vindu…

Om nokon har tips om anna golv i matlagingssona, så kom med det! Er svært usikker på om det er klokt å legge parkett i denne delen av kjøkenet.

Trappeholet har vore under lupen. Rundt eller firkanta? Tanken var firkanta, men rundt høyres spennande ut. Det er heller ikkje kompliset å få til, men eit bua glas som rekkverk oppe høyres dyrt ut…. Da må vi kanskje gå for spiler likevel?

Jakta på omn held fram – denne snubla eg over på byggebolig-forumet. Er ikkje den flott? Produsent er Rais. Kanskje best av alt: mor mi insisterer på å finansiere herligheten. Og ho likte denne – og det er jo bra at giveren syns at varen ser bra ut?

Til sist: Det som har komme opp litt brått og uventa er at entrepenøren foreslår at vi får kjøpt inn jord til framsida av huset. Tingen er at dei snart skal i gang med muren ved sida av huset, som gjer at ein ikkje lenger vil kunne kjøre ned til framsida av huset. For å sleppe å kjøre 5 lass jord med trillebår er det LURT og SMART å ta det nå. Ja takk, sa vi, og minnar oss sjølv om å spare enda litt meir cash. Det begynner å bli ei lita liste over ting som kjem ekstra

Jord må vi ha! (Bilde lånt frå Norsk resirkulering as)

Det er midt i juli, og naturlig nok høyrer vi ingenting frå dei andre som skal gi anbud på huset. Sånn er det nå – folk må ha lov å ha ferie! I mellomtida tygg vi på det eine anbudet vi har fått, og håpar at kommande anbud vil vere litt lettare å svelge. Vi har i alle fall god tid til å tenke gjennom kor vi kan kutte kostnader. Eg tok ein telefon til tømrerfirma som leverte anbud på snekkerarbeidet. Dei gode nyhetene er at dersom vi droppar sink-tak og går for takpapp i staden, så halverer vi tak-budsjettet. Ja takk, seier vi da – så får sink vere så fint og flott det vil.

Elles kan vi utsette terrassen (kr. 80 000 trur eg det var?), og utsette garagen. Kanskje pyttelite leit? Å legge parkett sjølv skal vi greie – det har vi gjort før, men det spørs om det er så mykje pengar  å spare på dette. Og så var det energibrønnen da. Fine brønnen. Skal vi utsette den også, og satse på at lavenergihus nesten ikkje treng varme? Vi har jo vedomn oppe, og det går å skaffe seg ein laus olje- eller gassomn i underetasjen. Det kan nok bli kjølige badegolv dei første vintrane….

Men vi planlegg no vidare okke som, og håpar på mange gode anbud i august. I går var vi innom Gulvspesialisten for å sjå om kvitmattlakka ask og eik verkeleg var noko for oss. Viktig å sjå det i litt større format enn ein liten plankestump! Her fekk vi fin hjelp og ein del nyttig info. Kvitmattlakka eik var det som fall mest i smak (finare mønster enn ask), og jammen meg likte eg ikkje best kina-parketten som var billigast. Hmm… Selgaren bedyra at den var laga for det nordiske markedet (med tanke på tørking av treverket), og at kvaliteten var god. Den andre eikeparketten som også var kvitmattlakka og einstavs, var litt dyrare, men denne var litt meir solid, hadde eit litt betre klikksystem, og ei stripe med voks i klikk’en som forhindra knirk. Viktige ting med andre ord. Men mønsteret og gløden i denne var ikkje like fint som i billig-parketten. Heldigvis skal vi ikkje bestemme oss enda.

Elles har eg tenkt å ringe Enova (mulig dei har ferie også?), og høyre nærmare om dette med lavenergihus og krav til vindu. I anbudet vi har fått er prisen på vindu satt til 500 000,- . Ihhh! Trelags superisolerande glas er tydeligvis veldig dyrt. Eg må sjekke om et er mulig å ha mindre isolerande glas enkelte stader, f.eks på dei minste vindua. Dernest trur eg vi må sjølv ta kontakt med diverse vindusfirma og be om pris. Kanskje kan vi spare ein del på å kjøpe vindu sjølv og halde dette utanfor anbudet. Det blir derfor ein telefon til Lyssand, Natre og Gilje. Fleire finst der vel også.

Elles har mine foreldre proklamert at dei skal betale kjøkkenventilator. Ja takk seier vi da :) Enn så lenge har vi våre auge på Cilindro i kvit frå Rørosmetall. Sidan denne saken skal henge fritt i rommet, og ha eit laaangt røyr opp i eit himmelhøgt tak, føler eg for å finne ein ventilator som er litt “underdanig”. Blank kvit trur eg blir bra mot kvit høgglans kjøkken. Og vi skal ha glashette – trur vi kan trenge all hjelp som er å få når lukt og os skal trekkast frå eit så digert kjøkken.

Bildet under er frå Norema og viser den kvite varianten, utan glasplate.

Og her er ventilatoren i stål, med glasplate

Over og ut frå meg! Vi nyt sommaren og håpar på gode anbud i august!

Det kom ein tjukk konvolutt i postkassen i dag. Det var tilbud frå ein av murarane. Det er eit ryddig og bra tilbud – men vi må ned i pris. Eg lurer litt på om vi kan hente noko på tømrararbeidet. Det blir svært spennande å få fleire tilbud inn og samanlikne prisane. Det vil nok variere kor detaljerte tilboda er – og det er synd for det er nyttig å kunne samanlikne dei ulike kategoriane. Vi ser at berre vindua i huset, i dette tilfellet frå Nordan, ligg på nesten 500 000! Sånn går det når ein abslutt skal ha vinterhage…   Enn så lenge ser eg ikkje så mørkt på det. Eg har tru på at vi kan komme ned i ein pris som er leveleg for oss. Evig optimist.

Fasadane er blitt etterspurt. Her kjem dei.

Det er i tjømda, som mor mi ville ha uttrykt det. Det kjem, og vi kan merke at det kjem snart. Anbuda på huset altså. Det ringer stadig vekk ein rørleggar hist og ein elektrikar pist; folk som gir sine tilbod til ulike murarfirma som vi har kontakta. Dei fem ulike murarane vi sendt papira til vil sy saman ein totalpakke. Ein av murarane har allereie ringd og gitt beskjed om at han sit med dei siste papira – det kjem, det kjem.

Om to veker har vi ferie begge oss vaksne i familien. Ungane drar på ferie med familie, så vi blir igjen aleine med ti dagar til å blafre i papir og vege for og imot. Vi har nok papir allereie syns vi – men meir skal det bli.

Det er stille før stormen…

Eg skal ikkje skryte på meg å vere aktiv på blog-fronten nei. Der har vore ein del folk som har etterspurt oppdatering, så då var det på tide. Det er ikkje det at ingenting har skjedd! Anbudsdokumenta er nå ferdige, og vi er svært glad for den innsatsen arkitekt Teresa Fersum har gjort for oss. Oppi alt dette har ho også greid å sette ein ny verdensborgar til verda – det står det respekt av! Vi er svært fornøgde med å ha brukt arkitekt, og syns det var fantastisk å få eit hus teikna etter våre preferansar og behov. Vi føler absolutt at det er i denne fasen av “husbygginga” at huset har blitt skapt – det som gjenstår nå er “berre” å få ideen hus til å materialisere seg til objektet hus! :D

Nå i juni sette vi i gang anbudsprossen, og no ventar vi spent på tilbakesvar. Vi har kontakta både lokale heltar (med godt omdømme), og større entrepenørar som har gjort dette mange gonger før. Dei fleste har eg snakka med personlig – noko eg fann svært nyttig. Eg har god tru på at ein skal følge magekjensla litt når ein er i ein slik prosess. I tillegg er ryddige anbud, gode referansar og pris viktig, men pris betyr heller ikkje alt. Kven vi ender opp med veit vi enda ikkje, men valget vil bli gjort i løpet av sommaren, og i samråd med arkitekten.

Vi er også spent på kor mange nullar det blir i sluttsummen. Det er vel den mest frustrerande biten med å bygge eit spesialteikna hus – det å ikkje vite sluttsummen heilt sikkert.

Eg legg ut dei siste, og endelege, teikningane, som viser planløysinga. Vi gler oss til det store kjøkenet – til vinterhagen – til dei store vindusflatene nede – utgang frå soverom – og alt lyset som vi trur vi vil få.

Vi kjører forbi nede ved vatnet nesten kvar dag, og myser opp mot tomta. Naboen er i gang, og det er så kjekt å følge med på!

Vi gler oss til vi er komne like langt! Vi har vore heldige og fått fin kontakt med våre kommande naboar. Det er kjekt å følge med nå som dei er i gang, og like spennande kvar dag om muren som nå blir satt opp har blitt litt lenger. Etter planen skal dei bli ferdige i haust.

Og oss? Jo, nå ser det ut til at anbudsdokumenta er ferdige om 2-3 veker, forsinka, men ein kan jo ikkje vente anna når arkitekten får barn! :) Vi har fått fullført alle skisser over elektrisk, sentralstøvsugar og coax. Eg har også snakka med entrepenøren som grev på nabotomta. Verkar som ein god mann på staden, og vi sender nok anbudsdokumenta til han også. Han tok gjerne heile jobben frå A til Å, og leigde inn lokal arbeidskraft. Ikkje oss imot. Likevel må vi sende anbudet ut til fleire, og samanlikne kva vi får inn. Pris er viktig, men ikkje alt.E

Er vi i gang i mai skal tru? Kan vi flytte inn i nytt hus på nyåret?

Vi har bestemt oss for å ha eit lyst golv, både fordi det er praktisk men også fint.  Eg trur det vil passe mot kvite murvegger og bidra til ein lys skandinavisk stil. For å få eit så rolig golv som mulig vil vi ha einstavs-parkett. Det ser nesten ut som heiltregolv, men borda er tynnare og betre egna for golvvarme. Vi har også nokre flotte persiske teppe vi har fått av mine svigerforeldre. Eg trur dei sterke fargane og mønstra vil stå seg veldig fint mot eit lyst underlag.

For nokre dagar sidan bestilte eg vareprøvar hos Bygg24, Gulvnett og Gulvspesialisten.

Eg måtte le når eg pakka dei opp; dei var nesten identiske, og det rare var at ask og eik var omtrent heilt likt. Alle er kvitmattlakka, og variasjonen mellom dei tre produsentane er liten:

1 -Bygg24, ask, kvitmattlakk, 2- Bygg24, eik, kvitmattlakk, 3-Gulvnett, ask, kvitmattlakk, 4-Gulvnett, eik, superkvitmattlakk, 5-Gulvspesialisten, 6- Gulvspesialisten, ask, kvitmattlakk

Dei to øvste frå Bygg24 verkar meir gråe og roligare. Nr. 4, eik frå Gulvnett er lysare enn dei andre, og denne er også den einaste med superkvitmattlakk. Elles ser det ut for meg at eik er noko grovare enn ask, men det kan kanskje berre vere tilfeldig på mine prøvar? Så langt held vi ein knapp på nr. 3 og 5, altså ask, men sikre er vi ikkje. Prisane ligg frå 399,- (kampanje) til 469,- per kvm. Vi får følge litt med framover, slik at vi blir betre kjent med prisane. Håpet er å få kjøpt det golvet vi vil ha, på kampanjepris :) Vi treng om lag 87 kvm i hovedetasjen, og 85 kvm. nede (dersom vi vel å legge same golvet på soverom). Prislappen for dette vil bli rundt 70 000,-. Før vi gjer eit endeleg valg (og det ligg noko fram i tid), må vi sjå større flater med desse golva. Vi må nok ta oss ein tur til dei ulike  forhandlarane.

Kva golv syns DU var finast? :D

Ja, enkelte etterlyser oppdatering på bloggen. Man har da et hus å planlegge, kan jo ikkje sitte og blogge i tide og utide! :)

At det er lite nytt her tyder vel kanskje på at vi har det travelt. Arkitekten vår har også hatt det travelt – med å føde, og alt gjekk såre vel. Ein backup for henne var klart på førehand, så vi skal nok få hus uansett.

Dette illustrerer litt av det vi held på med nå:

Vi har vore opptatt av å finne ut av “alt mulig”, og nå har vi tatt skrittet frå å myse på dataskjermen til å bestille katalogar og finne prisar. Eg har hatt møte med KVIK og fått tilbud om kjøkken der. Eg har også laga tilsvarande kjøkken i IKEA sin planleggar, og vi må gjere eit valg av kva leverandør vi vil bruke. Det er interessant å hente inn prisar… Ein kan jo bite seg merke i at ei benkeplate på 120 x 4oo meter i kvitolja eik kostar 41 000,- .  Jepp, det er berre å begynne å spare! Eg teiknar bad hos IKEA sin planleggar, og vi ser at vi faktisk vil trives på eit bad på 6 kvm. Slå den! Vi har elles kikka på dører, og trur vi går for nokre enkle kvite massivdører. Ytterdører har vi og sett på, utan å velge. Vi har brukt tid på å lage forslag til kvar vi skal ha stikkontaktar, taklampar, og ikkje minst, kor skal bryterane for taklampar vere? Kor vil vi ha sentralstøvsugar? Feieluker? Kva trapp skal vi ha? Vi held ein knapp på denne til Kjær Trapper, i ask, til om lag 90 000. Vidare: kor skal vi ha TV? Kor skal coax-ledning gå? Kva golv skal vi ha, dette, eller dette, eller dette, eller noko heilt anna? Og skal vi ha fliser eller belegg på bad?

Det hjelper med litt varmt i ein kopp… på bildet over ser de også omnen vi så langt har blinka oss ut. Den er frå Contura, og kostar ikkje like ille som ein del andre merker med tilsvarande omnar. Den har den fasongen eg er ute etter, og er høg, slik at flammen er synleg over møbler som er i synsranda.

Og så blar vi i interiørblad og kastar ettersom vi blir ferdig med dei. Riv ut alt av interesse og noterer på kva som var inspirerande. På bildet over er det lampane over kjøkkenbenken, og eg har funne ein som liknar, men er likevel ikkje den heilt riktige. LYS ER VANSKELIG! Og så ligg nå alle desse papira og utklippa over alt, mellom Legoklossar, kle til tørk, brødsmular og Little Kitty. Eg må få organisert det i mapper, og i kategoriar, elles misser eg heilt oversikten.

Og her er kjøkkenet, sett i IKEA sin kjøkkenplanleggar (veggskapa skal ikkje vere raude altså). så langt er prisen noko over 70 000. Glipa i benkeplata er tiltenkt kanal for ventilator, men eg trur ikkje vi treng slik glipe over heile benken. Benkeventilator er eit kapittel for seg; så langt veit eg at Miele, AEG og Gaggenau har dette, til dyre pengar, men det gjenstår å hente inn all info. Skal vi ha benkeventilator må vi bestemme oss i god tid, slik at ein kan få lagt kanal i golvet og ut. Nokre kvitevarer kjøper vi nok IKEA, men i alle fall oppvask og kjøleskap blir hos andre. Det same gjeld armatur. Benkeplate blir kanskje frå KVIK, men neimen om vi veit sikkert. For den del kan det hende vi kjøper heile kjøkkenet hos Kvik. Eg har ikkje fått ferdig alle tala enno, slik at vi kan samanlikne direkte. Og så må eg ta mannen med på ein siste runde for å kjenne og føle på skapa; sjå om forskjellen er stor.

Bad er ikkje altfor høgt prioritert. Eg veit at mange meiner badet er eit av dei viktigaste romma; det skal vere personlig SPA der velvære, nytelse og avslapping står i høgsetet, helst med italienske fliser og 20 kvadrat til rådighet. Vel, hos oss blir det 6 kvadrat på familiebadet, men så har vi eit bad i tillegg da, oppe, på drøye 6,5. Her blir det badekar, og litt meir fred og ro tippar eg. Ein kan vel få til avslapping med litt billigare fliser også? Innredning blir truleg IKEA, men eg skal også få inn tilbud frå KVIK til samanlikning. Eg vil ha det enkelt og greit, eitpar høgskap til handkle, ein god vask med to kranar, nokre veggskap til dill og dall og skuffer under vask som rommer det meste. Ein av dei tinga som blir påkosta på badet er dusjen. Her blir det truleg eit dusjkar på 90 x 120 cm (større enn på linken), med glasdør inn. Det blir ikkje som på bildet over; dusjen blir større, og med ein heil vegg mellom dusj og vaskeskap. Og så er vi usikre på dette med fliser eller ei. Eg heller mest mot flis for tida, men ingenting er bestemt.

Usj.. decisions decisions.

Og oppi alt dette skal ein sjå til at ein jobbar sine 7,5 timar på jobb (og gjerne litt overtid), ein må hugse å henta ungane i barnehage og skule (kan dei nå ikkje berre vere der da?), ein skal vaske kle og passe på at der er melk i kjøleskapet, og kva var det til middag igjen? Og plutselig har nokon hatt rund dag, utan at du kom på det. Jentungen har fiolintime, usj, der gløymde vi å sette ut søppel igjen, og nå må eg på jobb!

Det skal bli tilstander når huset skal byggast; det er visstnok enda travlare :D

Til sist må eg berre vise ei genial side, som har det eg lenge har leita etter: vaskesymbol!  Dette treng eg på våre sorteringsdunkar for skittentøy, og eg trur eg vil ha det på døra inn til vaskerom / teknisk også! Vi veit at vi vil ha eit vers frå Håvamål på veggen på kjøkkenet, men eg har lurt på korleis eg skulle få det til. Det ser ut til at eg kan bruke Myfirstroom; her kan ein nemmelig skrive inn eigen tekst og få det som sticker! Veldig bra!

Bilde frå Myfirstroom.se:

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.