Trasketur til tomta ein fin vinterdag. Huset ligg på kanten midt i bildet.
Det har vore stillstand i ei veke. Vi ventar på taktekkar, og har har hatt ein del fram og tilbake med korleis vinterhagen best skal konstruerast. Arkitekt og murar har også blitt einige om korleis overgangen mellom mur og tak skal bli. På bildet over ser de vinterhagen til høgre på huskroppen. Det vi håpar å få til er limte vindu i hjørna og slanke stålstøtter for å halde taket oppe, slik at veggane blir mest mulig glas og minst mulig gods. Vi håpar det skal bli bra!
Vi har bestemt oss for malar. Og då har eg og begynt å tenke på fargar inne. Det er ganske overveldande å skal velge farge for eit heilt hus. Eg vil ha det så lyst som mulig, men ikkje kaldt. I helga har eg prøvd å finne ut av NCS-systemet, og kom eit godt stykke på veg hos Ifi. I går henta eg meg fargelappar. Eg sanka inn ein heil serie av kvitt iblanda svart, og starten av skalaen er vist på bildet under. Her er det ingenting med farge, og slik unngår ein heilt gulskjer på veggene. Men mitt problem da er at dette blir litt trist og kaldt trur eg…
Så da må ein kanskje vurdere fargar med noko gult og/eller rødt i.
Måten fargane er vist på bildet er på ingen måte slik dei ser ut eigentleg! Alt blir forvrengt gjennom telefon-kamera og ut på PC-skjerm, men eg tok nå bildet med for å illustrere valgmulighetene. For eg lider valgets kval, men ser at “Letthet” kan vere aktuell, det same gjeld “Refleksjon”. Omtrent alle velger “Chi” for tida. Sjølv er eg redd den blir altfor kvit og kald. Særleg på fire meter høge vegger. Elles kan også heilt andre fargar vere aktuelle. I TV-stova nede er det absolutt aktuelt å male ein heilt mørk farge på veggen der TV skal henge. “Matrix” er kanskje ut frå namnet, ein aktuell farge? Mange velger tapet for tida – eg er ikkje der heilt enda – men det er ikkje uaktuelt. I så fall blir det ingenting barokk eller søtt, men heller noko geometrisk.
Elles har eg også snakka med både Kvik og Designa. At vi skal ha IKEA-kjøkken er allereie bestemt, men kvitevarer skal vi nok skaffe andre stader. At kvitevarer er dyrt har eg vore klar over lenge, men det er likevel litt demotiverande å ta fram kalkulatoren når ein skal plusse saman alt ein har lyst på. Toppmodell av alt kan eg nok berre utelukke! Så da må ein prioritere, og det ser ut for at vi kjøper nett den platetoppen vi vil ha, og så får vi heller vere meir nøktern på det andre. Vi ønsker oss denne frå Siemens:

Og grunnen er at eg SKAL ha induksjon, og eg SKAL ha plass til minst 5 gryter. Eg er over normalen interessert i å lage mat, og eg balanserer svært ofte fleire gryter enn normalt på komfyren sidan jentungen har matallergi. Kvik tilbyr denne noko lågare enn listeprisen, men det er meir enn dyrt nok likevel…
Det er på tide å bestille trappa snart, for den skal også produserast. Og så må vi vel gjere eit valg av golv om ikkje så lenge. Det kan sjå ut til at det blir bestilt frå England, men det er ikkje bestemt endeleg enda.
No håpar vi på at det blir meir aktivitet på huset i veka som kjem!




Mi erfaring var at sjølv om fargane såg fine ut på fargekartet, så såg dei heilt annleis ut når dei kom på veggen. Er framleis veldig nøgd med vår Refleksjon i stova, men eg saknar fargar! Det er vanskeleg å vite korleis ein vil ha det før ein har flytta inn. Og det er vanskelig å sette i gang med maling etter at ein har flytta inn…
Heilt einig med deg når det gjeld 5 kokeplater sjølv om eg vanligvis klarar meg med fire. Det dumme med koketoppen på IKEA er at platestørrelsen til kvar panne er så små. Og eg ville ikkje valgt oppvaskmaskin frå IKEA sjølv om det eigentleg er Whirpool og Electrolux. Bytta begge gongar. Kjempenøgd med steikeovnen, men kjøleskapet vårt kunne våre annleis. Å stå på ein krakk kvar gong ein skal bruke frysaren kunne eg vel vore forutan. Men, men elles er eg nøgd.
Har du sett Gorenje Retro Collection-kjøleskap? Kjempetøffe og 1/3 del av prisen til Smeg. Hadde det vore noko?
Lykke til med alle valga!
Vi fekk rabatt på kvitevarene når vi handla dei og benkeplata hos en lokal leveradør Drømmekjøkenet (også kjølehjørnet).
No står dei ferdig montert og berre ventar på at vi skal ta dei i bruk. Hos oss var det steikeomnen som kosta litt meir enn nødvendig…